Brøyting -bestilles i app
mLoggFritid - appen som benyttes for bestilling av brøyting
Installering av appen «mLoggFritid» for nye brukarar
- Gratis å laste ned frå Google Play og App Store.
- Innlogging ved hjelp av telefonnummer. For å kunne logge inn på appen må brukaren vere innlagt i brukarregisteret. Ta kontakt med underteikna om du har problem med innlogging.
- Meldingsfunksjonen i appen er lite funksjonell og du har ingen garanti for at nokon faktisk les meldinga du har sendt. Det vert frå app-utviklar jobba med å utbetre funksjonaliteten slik at vi i framtida kan bruke denne meir aktivt. Tryggaste løysing er å ta kontakt direkte med entreprenør pr. telefon.
- Kontaktinfo til entreprenør finn du i appen under «Betingelser».
Generelle vilkår:
- Formålet med appen mLogg Fritid er at vi skal spare felleskapet for unødige brøytekostnader ved å brøyte minst mulig, men nok til at alle får dekt sine behov innafor rammene som veglaget sitt årsmøte har bestemt.
- Vegane som inngår i veglaget vert brøyta etter behov heile veka.
- Helg er definert som: Fredag kl 12:00 – søndag kl 18:00.
- Feriar er definert som: Juleferie, vinterferie (2 veker) og påskeferie.
- Brøyting inn til kvar enkelt hytte vert i utgangspunktet kun utført i helg og må bestillast seinast torsdagen før kl 10:00.
- Brøyting utafor helg må bestillast direkte med entreprenør og må betalast av kvar enkelt etter medgått tid. Entreprenør fakturerer veglaget som vidarefakturerer til hytteeigar ved sesongslutt.
- Utanfor helg og feriar kan likevel entreprenør brøyte inn til kvar enkelt hytte dersom ver, føre og praktiske forhold tilseier det. Dette utan at hytteeigar vert fakturert med ekstrarekning.
Brøyting er samansett og ein må ta høgde for mange faktorar, her er nokre dømer:
-
- Det skal ifølge vermeldinga snøve fram til fredag morgon. I denne situasjonen vil entreprenør vente til fredag morgon før han startar brøytinga inn til kvar enkelt hytte. Dette for å unngå å måtte brøyte to gonger og med det påføre veglaget ekstra kostnad.
- Det har snødd tett måndag til onsdag, men ser ut til å bli mildver og regn fram mot helg. I denne situasjonen vil han brøyte torsdag. Dette for å fjerne snøven før han vert våt og tung. Er det mykje snøv, vil han brøyte inn til samtlege hytter. Har det komt lite snøv vil han kun brøyte inn til dei som har bestilt brøyting til helga.
Kontaktperson for brøyting:
For styret i Roaldsida Veglag: Nils Einar Ringstad (kontaktinformasjon)